1026500861785554
top of page

Om HUDSPA

HUDSPA AS er importør og har salsrett i Noreg for HACCER-produkt. Alle produkta er registrert i CPNP og godkjent for sal i Europa. Våre produkt distribuerast i salongar, nettbutikkar og andre utsalstadar som ønskjer å tilby naturlege hudpleieprodukt til sine kundar.

_SOH1074-Edit-2 (002).jpg

BAKGRUNN

Hudspa blei stifta i 2020 av Ingrid og Ruth

_SOH0917-Edit-Edit.jpg

Vi hadde begge slite med rosacea i fleire år, og prøvd det meste som var på marknaden. 

På ein tur til Tyrkia kom vi over HACCER som produserte hudkremar basert på naturlege planteoljer for tørr og sensitiv hud. Haccer Face Care Cream vart anbefalt til vår hud. 

Etter kort tid bruk, fekk vi tilbake elastisiteten og fuktinnhaldet i huda og ikkje minst gløden- og best av alt, vi vart kvitt rosaceaen .

Vi har brukt produkta i 8 år og vi har aldri fått rosacea tilbake, og huda er mjuk og fin.


Denne erfaringa førte til at vi ville hjelpe andre som slit med tørr og raudleg hud. Av den (bak)grunn starta vi firmaet HUDSPA A/S.

Vår tanke med Hudspa er å importere gode og pleiande hudpleieprodukt som er framstilt av naturlege planteoljer, og som har positiv påverknad for både huda vår og miljøet.


VISJON: Ei gåve rein natur til deg. Ein dråpe av eterisk olje frå naturen er som spa for huda.

Vil du vite meir om HUDSPA, ta gjerne kontakt.

VILKÅR OG 
PERSONVERN

Her kan du lese om Personvern og Vilkår.

bottom of page